Aktuelle stønadar forvalta av NAV
Krav skal vanlegvis settast fram gjennom NAV lokalt, dersom anna ikkje er nemnt. Der vil ein og få kravskjema og nærare informasjon. NAV, servicetelefon: 810 33 810.
Fysikalsk behandling
Folketrygdlova § 5-8.
Folketrygda dekker i hovudsak fysikalsk behandling for blinde og svaksynte.
Terapiriding
Folketrygdlova § 5-22.
Det blir gitt bidrag til terapiriding på visse vilkår. Eigendel.
Bidrag til briller
Folketrygdlova § 5-22.
Visse tilstandar gir barn under 18 år rett til bidrag til delvis dekning av utgifter til briller. Øyenlegen skriv automatisk erklæring til dei det gjeld. Søknad til NAV Hjelpemiddelsentral.
Grunnstønad
Folketrygdlova § 6-3.
Grunnstønad skal heilt eller delvis dekka varige og nødvendige ekstrautgifter som skuldast funksjonshemninga. Dette kan vera ekstra utgifter til transport, ekstra slitasje på kler og sengetøy, hald av førarhund, osb. Ekstrautgiftene skal dokumenterast. 6 ulike satsar. Med ”varige” meines minst 2 til 3 år. Med ”ekstrautgifter” meines ekstra utgifter som ein funksjonsfrisk ikkje har. Det blir m.a. ikkje gitt grunnstønad til eingongsutgifter, legemiddel, eigendelar for helsetenester, utgifter til barnehage.
Hjelpestønad
Folketrygdlova § 6-4.
Hjelpestønad skal dekka utgifter til tilsyn og pleie (inkludert meiromsorg og meirstimulering) i heimen. Det må føreligga eit ekstra og varig hjelpebehov som er tydleg mykje meir omfattande enn for funksjonsfriske. 4 ulike satsar, 3 av desse er berre for barn under 18 år.
Utvida rett til omsorgspengar
Folketrygdlova § 9-6.
For arbeidstakar som har omsorg for funksjonshemma barn under 18 år kan det gis omsorgspengar inntil 20 dagar pr. år (40 dagar for einslege forsørgjarar) på grunn av nødvendig tilsyn under sjukdom. Utvida rett må førehandsgodkjennast av NAV.
Opplæringspengar
Folketrygdlova § 9-13.
Det blir gitt opplæringspengar til den som har omsorg for funksjonshemma barn (også utover 18 år) under nødvendig opplæring ved ein godkjend helseinstitusjon eller ved deltaking på foreldrekurs ved eit spesialpedagogisk kompetansesenter.
Tekniske hjelpemiddel
Folketrygdlova § 10-7.
På visse vilkår kan ein få låna ulike hjelpemiddel som skal avhjelpa funksjonshemninga. Aktuelt for synshemma er til dømes luper, kikkert, lese-tv, kvit stokk, klokker, datautstyr, osb. Krav gjennom Hjelpemiddelsentralen i fylket ditt.
Tolke- og ledsagarhjelp for døvblinde
Folketrygdlova § 10-7.
Døvblinde kan få nødvendig hjelp til å fungera i dagleglivet, i samband med medisinsk behandling, utdanning og arbeid. Krav gjennom Hjelpemiddelsentralen i fylket ditt.
Lese- og sekretærhjelp
Folketrygdlova § 10-7.
Til synshemma som treng hjelp til å fungera i høveleg arbeid, opplæring eller arbeidstrening, gjennomføra utdanning, deltaking i organisasjonsverksemd, politisk eller sosialt arbeid og for å fungera i dagleglivet. Stønaden blir gitt innanfor eit avgrensa timetal avhengig av kva aktivitet det gjeld. Krav gjennom Hjelpemiddelsentralen i fylket ditt.
Kunstig tårevæske på blå resept
Pasienter som er avhengige av å bruke kunstig tårevæske bør ta kontakt med legen sin for å undersøke om behovet for behandling gir rett til kunstig tårevæske på blå resept.
Aktuelle stønadar forvalta av kommunen
Støttekontakt
Lov om sosiale tenester § 4-2, bokstav c.
Ta kontakt med Servicesenteret i kommunen din.
Omsorgsløn
Lov om sosiale tenester § 4-2, bokstav e. Ta kontakt med Servicesenteret i kommunen din.
Avlastning
Lov om sosiale tenester § 4-2, bokstav b. Ta kontakt med Servicesenteret i kommunen din.
Kilde: www.nav.no